Bildet kan avvike noko frå virkeligheten

Flytta til Kristiansand i 1999, etter gymnastida, frå Mongstad i Nordhordland for å gå på Ansgarskolen. Lydteknikerkarrieren min tok til som læregut og boy i KP LydDesign same året.

For å være heilt ærlig så starta det heile litt tidligare då det viste seg at eg var så enormt dårlig til å synge at det var best for alle partar at eg heller hjelpte til med teknisk produksjon, fremfor å være tenor i det obligatoriske koret på skulen. Derfrå gjekk det slag i slag, først som lærling og sidan som sjølvstendig lydteknikar på profesjonelt nivå.

Starta eige datafirma mai 2000, men ettersom interessa for lydteknikk stadig auka endra det seg gikk gradvis over til å bli eit reint lydfirma. Har jobba profesjonelt med lyd på fulltid siden sommeren 2002. Var ein periode aksjonær i KP LydDesign, seinare AgderLyd. Ein av mine største samarbeidspartnarar er PA Compagniet, som eg har hatt gleda av å freelance for i mange år.


Har jobba med fleire nasjonale og internasjonale band og artistar, og gjort ei rekke turnèar i inn- og utland. Dei siste åra har eg dessutan hatt gleda av å få jobbe med Green Carnation frå Kristiansand og har fått gjere konsertar rundt i heile Europa og Nord-Amerika.

Er for tida busett i Kristiansand, og vikarierer som teknikar på Samsen Kulturhus når eg ikkje er ute og reiser. Til sumaren treffes vi kanskje på ei av landets mange festivalar, der eg antageleg er å finne bak eit monitorbord.


Vil til slutt nytte høvet til å sette på fokus på Norges Handicapforbund og oppfordre alle artistar, arrangørar, kollegaer, vener og kjente til å støtte opp om deira arbeid. Deira innsats for tilrettelegging for bruk av rullestol i det offentlige rom er noko også vi i denne bransjen nyt godt av dagleg når vi skal ut og inn med tungt utstyr, flighter og høgtalarar.